I år er det verkeleg vinter på Sørlandet! Me har hatt snø sidan før jul, og i kveld snøar det fortsatt. Då eg vakna i dag var det minus 14 grader! Agnar er i Brasil med jobben og har til samanlikning 32 grader pluss...
Eg har i mange år etterlyst skikkelege vintrar slik som eg hugsar frå eg var liten, der det var reine idyllen med ski, akebrett og snømenn. Men innser at det er litt meir styr no når eg er vaksen og må ordne opp sjølv; med måking, skraping av bil, fyring og kle opp eit par ungar... Rett nok er det pappa som ber ved og fyrer i ovnen for tida, så eg slepp det arbeidet. Då Agnar var i Asker på jobb for eit par veker sidan måtte eg låse Rebekka inne på badet medan eg henta ved ute; for eg kunne ikkje la David vere åleine med ho inne... ganske så stress...
Men me får kost oss litt i snøen også! I går var David og eg ute og leika:
Laurdag var me (mamma, pappa, David, Rebekka og eg) i Dyreparken. Det var ein kald men kjekk fornøyelse!
På veg til mating i Nordisk Villmark, via Kutoppen. Kutoppen er ein del meir sjarmerande i sol og plussgrader...
Me måtte varme oss inne etter ein kald mateseanse:

David var fascinert av apene i apehuset. Muleg dette er berømte Julius, men eg er ikkje heilt sikker...
Rebekka heng med så best ho kan på det som skjer; det meste føregår på storebror sine premissar.
Agnar kjem att på laurdag, og me gler oss alle mann. Men heldigvis er mamma og pappa her og hjelper til døgnet rundt!